Mens eg burde studere, gjer eg i staden totalt unyttige ting på fantastiske Google Earth. Til høves har eg:
-sett på flytande isfjell utanfor kysten av Grønland.
-funne ut at huset vårt heime i Stavanger ligg heilt på grensa av der dei detaljerte Stavanger-bileta slutter. På rett side av grensa. Treet i hagen vår er synleg som ein liten mørk flekk.
-med litt hjelp frå eit Google-søk, klart å finne der me var på Blåtur med Stjernesalen i mai, i Arboretet på Milde. Derav og funne Fana Folkehøgskule, som ligg like ved.
-funne det eg trur eg Mont Blanc.
-prøvd å finne hostella med budde på i Dublin og Galway då me var på tur til Irland med folkehøgskuleklassen. Feila. Hugsar ikkje heilt gatenamn og slikt.
-flydd over Vidden.
-spora opp den lille turen me gjekk oppover frå Fløyen til Bruskiosken på bursdagen min i sommar.
-studert restane av Tsjernobyl. Det var verkeleg mindre spennande enn ein skulle tru.
-prøvd å finne kor eg budde då eg var på språkreise i Torquay for ni år sidan. Men det gjekk ikkje. Torquay er berre graut.
-funne ut at bileta frå Stavanger må vere fleire år gamle, all den tid Viking Stadion ser ut til å vere under konstruksjon på bileta. Den stod ferdig for to og eit halvt år sidan.
-funne ut at bileta frå Bergen mest sannsynleg er av nyare dato, og konkludert med at det er fordi Bergen Kommune eig desse bileta. Heile den enorme kommunen har krystallklare bilete, og ein kan sjå kvart enkelt hus.
-funne Åsane Folkehøgskole. Følgt bussruta inn til Bergen sentrum.
-prøvd å finne Gjógv (frå Johan Harstad - "Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?") på Færøyane. Funne namnet (eg fann "Gjov" og tenkte at det var vel nære nok) og konkludert med at bileta frå Færøyane treng kraftig revidering. Stort sett graut.
-prøvd å finne Amazonas, men på merkeleg vis feila. Er dette mogleg?
-sett på Brasilia. Rar by. Symmetrisk lagt opp.
-leita etter saltørken i Bolivia, som G fortalde om og viste bilete frå i går. Eg gav raskt opp. Eg er ikkje lokalkjent i Bolivia.
-funne det eg trur er festivalområdet i Roskilde.
( Les images )